Alverhonning
Den søte smaken av Nordhordland
Vi har ambisjonar om å ha friske og produktive bier som vi kan hauste kvalitetshonning frå. Reint, kortreist, smakfullt og ærlig. I tillegg er kunnskapsdeling viktig for oss, og vi har både
facebook og instagram der vi legg ut noko når det skjer interessante ting i bigarden. Kanskje nokon vil komme for å sjå i bigarden? Det kan vi ordne, det er berre å ta kontakt. Prisar vil variere etter kor mykje honning vi får, difor står det ingenting om pris på nettsida. Vi kjem til å annonsere det når vi veit etterkvart.
Alverhonning vert drive av Frode og Julie, og er eit enkeltpersonføretak. Vi bur på Flatøy i det som vert nye Alver kommune. I 2019 har vi omlag 10 bikubar. Vi held på med avleggar,- og dronningproduksjon, både til eige bruk og til sals. Vi har biene plassert på ulike stader for å få tak i ulik type honning, og i år samarbeidar vi med Toppe gartneri om å pollinere bringebær.